Songen At Fangen lyrics

by

Vreid


So lagde dei lekkjone på meg
Og klaven kring halsen min batt
Helsa mi pinte dei tå meg
Men hatet sit enno att !
Å, hadde eg kulor og knivar
Som rokk dit eg vilde no
Gud nåde då lensmann og skrivar
- dei lagdes snart lik båe tvo !
Å, var eg so giftig som pesten
Og ill som ein eiterormstyng
Gud nåde då fengselspresten
Som går her og preikar og syng !
Kvi fa'n kjem den kallen inn til meg
Med song og hallelujadikt ?
Kva svartaste er det han vil meg med
Våset um anger og slikt ?
E geig ikkje anger i bringa
Og kjem eg meg ein gong på dør
Skal kniven på ny eg svinga
Med kaldare hat enn før!
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Copyright © 2012 - 2021 BeeLyrics.Net